Endelig har me fått plata taka i stue, kjøkken og master bedrom. Så det er det i gang med å legge spon på veggene. Herlig! Masse deilig spon som ligge å vente på å bli smelt opp på veggen. Då har me leid inn ekspert hjelp: Platemester Pappa Fosse:)
Yeeei, første plata i stua.
Vips, heile den låge stuen ferdig spona.
Pappa Fosse står å meditere over koss me skal løyse platene over vinduet. Greit å ha med ein som gjer tenke arbeidet, så kan eg gjer det letta;) Så han har blitt sjef over å sage ut hulla til boksene så kan eg bruke dykksaga til å justere platene i høyde og bredde.
Fine utforingane i stuevindua
Til og med komt eit stykke oppover kjøkkenveggen. den siste plata der er eg glad eg slapp å lage. Tre hull på forskjellige høyder samt den går både oppfor og nedfor vinduet. Men eg må sei Pappa Fosse har skills, for den passa på første forsøk:)
Sjå som han koser seg med å sette opp sponplater på soverommet:) Me er vartfall evig takknemlig for at han vil være med.
Me bor jo hjemme i Hålandsmarka nå, så han seie at viss han ikkje blir med å hjelpe så flytte me jo aldri ut;)
Nå har me snart lagt spon på heile soverommet. Me mangle bare den eine vindusveggen for der må me vente på nogen lister til verandadøra.